Tilsyn og sikkerheitsstyring. Ein case-studie av tre industriverksemder i Troms
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/11346Date
2017-06-01Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Bjelle, Sondre LekveAbstract
Denne studien skal undersøkja korleis tilsynsorgan kan bidra til sikkerheitsstyring i industriverksemder. Sikkerheitsstyring skal vera implementert på alle nivå i ein organisasjon, og prosessen skal skje kontinuerleg (Aven mfl., 2004; Stolzer mfl., 2008). Kva nivå i organisasjonen som tek avgjersler i sikkerheitsstyringsprosessen og kven som tek initiativ til oppdateringar, har vist seg å variera mellom ulike verksemder. Hale og Borys (2013a) presenterer to ulike hovudtilnærmingar, som vert kalla modell 1 og modell 2 (Dekker, 2005), og vert høvesvis rekna for å vera top-down- og bottom-up-tilnærmingar. For å sikra at sikkerheitsstyringa vert gjennomført etter lover og forskrifter, fører ulike organ tilsyn med verksemder. Kongsvik (2013) meiner det i hovudsak finst to hovudtilnærmingar til gjennomføring av tilsyn ut frå kva tilsynsorgana vel å fokusera på, desse vert kalla strukturelt- og operasjonelt tilsyn. Tidlegare studiar har peika på at tilsynspersonen sine eigenskapar, kompetanse og tilnærming under tilsyn, kan påverka kva slags avvik og merknader som vert avdekka (Blant andre Beckmerhagen mfl., 2004; Blewett og O`Keeffe, 2011).
Problemstillinga for studien er: I kva grad bidreg Næringslivets sikkerheitsorganisasjon til sikkerheitsstyring i verksemder gjennom tilsyn av industrivernet? Bakgrunnen for studien er at fleire aktørar er involverte i sikkerheitsstyring, og samspelet mellom desse aktørane vil vera avgjerande for gjennomføringa av sikkerheitsstyringsprosessen. For å svara på problemstillinga vart det gjennomført ein kvalitativ case-studie av Næringslivets sikkerheitsorganisasjon sitt tilsyn av industrivernet i tre verksemder i Troms. Det vart gjennomført observasjonar av tilsyn og dokumentanalysar, men hovuddelen av det empiriske materialet baserer seg på semi-strukturerte intervju av tilsette i verksemdene med tilknyting til industrivernet og tilsynspersonar.
Funn frå denne studien samsvarar i stor grad med funn frå tidlegare studiar som har fokusert på tilsyn. Næringslivets sikkerheitsorganisasjon fokuserer mykje på dokumentasjon og tilsette på strategisk og taktisk nivå under tilsyn. Tilsynsmennene har relativt god kompetanse til å forstå organisatoriske utfordringar og står fram som sjølvstendige, men samstundes har dei noko manglande teknisk innsikt. I sikkerheitsstyringa til dei tre verksemdene har dokumentasjon relativt lite å seia for det operative arbeidet og mynde til å ta avgjersler ligg hovudsakleg på det operative nivået under innsats. Næringslivets sikkerheitsorganisasjon kunne i større grad bidrege i sikkerheitsstyringa ved å gjennomføra meir operasjonelle tilsyn.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2017 The Author(s)
The following license file are associated with this item: