Kortreist inspirasjon. Om å la seg inspirera av nærmiljøet til skapande arbeid.
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/15367Date
2018-11-02Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Aarvik, IvarAbstract
Denne undersøkinga handlar om korleis ein kan nytta nærmiljøet i Kroken som kjelde til inspirasjon i skapande arbeid. Ved å koma tett på alt det som omgjev oss, kan det opna seg enorme moglegheiter. Oppgåva har to problemstillingar: Korleis kan fotomotiv frå nærmiljøet nyttast som kjelde til inspirasjon i eige skapande arbeid innafor ulike visuelle uttrykk? Korleis kan fotomotiv frå nærmiljøet rundt Krokelvdalen skule nyttast som inspirasjonskjelde for elevane ved skulen i deira skapande arbeid og kva verdi har dette? Undersøkinga har mellom anna synt at ein kan finna spanande fotomotiv med utgangspunkt i asfaltsprekker, skugge og spegeleffektar i vatn. Desse fotomotiva kan nyttast til å skapa produkt i fleire ulike visuelle uttrykk. Erfaringane frå dette arbeidet har danna grunnlag for eit undervisingsopplegg i kunst og handverk for fjerde trinn. Mellom anna på bakgrunn av elevane si evaluering av prosjektet konkluderer eg med at fotomotiv frå nærmiljøet kan nyttast som kjelde til inspirasjon for meg sjølv og elevane. Verdien av dette undervisingsopplegget er stor i eit fagdidaktisk perspektiv. Ein vil kunne imøtekomma fleire av læreplanmåla i kunst og handverk med dette prosjektet. Men ser ein litt lenger, vert verdien tydeleggjort ved å sjå samanhengen mellom dette undervisingsopplegget frå nærmiljøet i Kroken og dei tre overordna tverrfaglege måla i den nye læreplanen som kjem: Demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring. Dette særleg fordi prosjektet set nærmiljø i fokus. Prosjektet opnar for at elevane vil kunna sjå nærmiljøet rundt seg med nye augo. Dette kan etter mi meining føre til at elevane i større grad ser verdien av sitt eige nærmiljø og skapar engasjement hjå dei. Eit engasjement for nærmiljøet kan smitte over og skape interesse på nye område. Ein som har oppdaga nye verdiar i sitt eige nærmiljø, vil ofte vere meir motivert for å ta vare på nærmiljøet sitt. Eit slikt engasjement har òg potensial i seg til å skapa ei kjensle av å høyre til og slik styrkja eleven sin identitet. Prosjektet kan såleis leggja grunnlag for at elevane i større grad bidreg i samfunnet samt å hjelpa elevane å oppnå auka livskvalitet og betre livsmeistring.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2018 The Author(s)
The following license file are associated with this item: