Show simple item record

dc.contributor.advisorOpstad, Kari Doseth
dc.contributor.advisorNilsen, Liv Merete
dc.contributor.authorAarvik, Ivar
dc.date.accessioned2019-05-22T08:15:09Z
dc.date.available2019-05-22T08:15:09Z
dc.date.issued2018-11-02
dc.description.abstractDenne undersøkinga handlar om korleis ein kan nytta nærmiljøet i Kroken som kjelde til inspirasjon i skapande arbeid. Ved å koma tett på alt det som omgjev oss, kan det opna seg enorme moglegheiter. Oppgåva har to problemstillingar: Korleis kan fotomotiv frå nærmiljøet nyttast som kjelde til inspirasjon i eige skapande arbeid innafor ulike visuelle uttrykk? Korleis kan fotomotiv frå nærmiljøet rundt Krokelvdalen skule nyttast som inspirasjonskjelde for elevane ved skulen i deira skapande arbeid og kva verdi har dette? Undersøkinga har mellom anna synt at ein kan finna spanande fotomotiv med utgangspunkt i asfaltsprekker, skugge og spegeleffektar i vatn. Desse fotomotiva kan nyttast til å skapa produkt i fleire ulike visuelle uttrykk. Erfaringane frå dette arbeidet har danna grunnlag for eit undervisingsopplegg i kunst og handverk for fjerde trinn. Mellom anna på bakgrunn av elevane si evaluering av prosjektet konkluderer eg med at fotomotiv frå nærmiljøet kan nyttast som kjelde til inspirasjon for meg sjølv og elevane. Verdien av dette undervisingsopplegget er stor i eit fagdidaktisk perspektiv. Ein vil kunne imøtekomma fleire av læreplanmåla i kunst og handverk med dette prosjektet. Men ser ein litt lenger, vert verdien tydeleggjort ved å sjå samanhengen mellom dette undervisingsopplegget frå nærmiljøet i Kroken og dei tre overordna tverrfaglege måla i den nye læreplanen som kjem: Demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring. Dette særleg fordi prosjektet set nærmiljø i fokus. Prosjektet opnar for at elevane vil kunna sjå nærmiljøet rundt seg med nye augo. Dette kan etter mi meining føre til at elevane i større grad ser verdien av sitt eige nærmiljø og skapar engasjement hjå dei. Eit engasjement for nærmiljøet kan smitte over og skape interesse på nye område. Ein som har oppdaga nye verdiar i sitt eige nærmiljø, vil ofte vere meir motivert for å ta vare på nærmiljøet sitt. Eit slikt engasjement har òg potensial i seg til å skapa ei kjensle av å høyre til og slik styrkja eleven sin identitet. Prosjektet kan såleis leggja grunnlag for at elevane i større grad bidreg i samfunnet samt å hjelpa elevane å oppnå auka livskvalitet og betre livsmeistring.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/15367
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccessen_US
dc.rights.holderCopyright 2018 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.subject.courseIDLRU-3907
dc.subjectVDP::Social science: 200::Education: 280::Subject didactics: 283en_US
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283en_US
dc.titleKortreist inspirasjon. Om å la seg inspirera av nærmiljøet til skapande arbeid.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Except where otherwise noted, this item's license is described as Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)