Henning Laugerud: Reformasjon uten folk: Det katolske Norge i før- og etterreformatorisk tid
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/17187Dato
2019-10-14Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Peer reviewed
Forfatter
Berg, Sigrun HøgetveitSammendrag
Henning Laugerud si reformasjonshistorie om det katolske Noreg før og etter reformasjonen er eit imponerande og innhaldsrikt verk – nybrotsarbeid frå forskaren, gjennomillustrert frå kunsthistorikaren og lesverdig frå formidlaren. Det er den første boka med eit grunnleggjande kulturhistorisk blikk på dei omveltande endringane i Noreg gjennom reformasjonen. Laugerud tek på seg å forstå og formidle kva folket i Noreg eigentleg syntest om dette, noko som er ei utfordrande oppgåve, særleg når forfattaren så openlyst heiar på katolisismen. Utfordringa ved det skal eg koma attende til. Men det viktigaste først: Dette er ei velkomen bok. Det er på høg tid nokon går fleirfagleg til verks inn i det vanskelege spørsmålet om korleis kulturelle og religiøse endringar i reformasjonen vart opplevde og mottekne av folk flest. Laugerud understrekar og dokumenterer kor totalt uførebudd – og uvelkomen – reformasjonen var i Noreg. Danskekongen Christian III bestemte i 1536 at han skulle vera den lutherske sjefen over både stat og kyrkje, og i same slengen at Noreg skulle gå frå å vera ein sjølvstendig unionspartnar til å bli underlagt «Danmarks rige til evig tid». Erkebiskop Olav Engelbrektsson prøvde å kjempe imot, men måtte gje tapt både Noreg og den katolske kyrkja i 1537. Denne framstillinga av det kupp-aktige ved reformasjonsinnføringa har mange gjort før Laugerud. Men han gjev seg også i kast med den langstrekte gjennomføringa av det protestantiske programmet til kongemakta – som ifølgje Laugerud møtte stor folkeleg motstand på mange plan. Ein motstand som gjennom hundreåra har vore underkommunisert og direkte tagd ihel i både kjelder og historieskriving, men som han meiner det likevel er mogeleg å teikne eit bilete av. Og han synsar ikkje berre i veg i generelle vendingar – som mange av oss historikarar har gjort, medan me orsakar oss med at det er så lite kjelder til slike spørsmål om tvil og tru.
Forlag
IdunnSitering
Berg SH. Henning Laugerud: Reformasjon uten folk: Det katolske Norge i før- og etterreformatorisk tid. Kunst og kultur. 2019;102(03):191-193Metadata
Vis full innførsel
Copyright 2019 The Author(s)