Open Access - Eit gode eller eit hinder for juniorar i akademia? Ein diskursanalyse av korleis doktogradsstudentar snakkar om Open Access
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/23370Date
2021-11-19Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Alvsvåg, KristinAbstract
I dette masterprosjektet har eg undersøkt korleis doktorgradsstudentar snakkar om Open Access. Dette er ei kvalitativ studie der diskursanalyse er nytta som analysemodell. Målet har vore å få eit innblikk i kva tankar, haldningar og tankar haldningar som finnast blant ferske forskarar ved universitet i Norge. Problemstillingane eg har nytta er: Korleis snakkar doktorgradsstudentar om Open Access? og Open Access – Eit gode eller eit hinder for juniorar i akademia?
Under analysen har identifiserte tre tematiske diskursar under Juniorane sin Open Accessdiskurs: Viktigheita av tilgjengeleg forsking-diskursen, Tellekantdiskursen og Røvardiskursen.
I arbeidet med analysen har eg nytta to perspektiv som er blitt identifisert i diskursane:
Marknadsmetaforar i akademia og Spelereglar for juniorane i akademia.
Eit av dei sentrale funna i studien er at diskursane kan bli sett på som ulike sider ved Open Access: Den positive sida, baksida og skuggesida. Hovudargumentet so for Open Access er at forsking skal og bør vera tilgjengeleg for alle fordi det mest forsking er offentleg finansiert. Samstundes er det funne at juniorane meiner at det ikkje nødvendigvis fører til at fleire les forsking.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2021 The Author(s)
The following license file are associated with this item: