Sammendrag
Likningar er eit tema innanfor matematikkfaget som mange elevar synest er vanskeleg. I denne studien har eg prøvd å sjå nærare på elevar si forståing av likningar, og har gjort ein kvalitativ studie mellom elevar på fyrste året i vidaregåande skule. Eg gjennomførte ei undersøkning der elevane skulle løyse oppstilte likningar og svare på spørsmål som gjekk på forståing av likningar. Problemstillinga mi var ”Kva veit dei som forstår, om likningar?”. Eg drøfta kva dei som forstår veit, og kva dei andre ikkje veit. Det verka som om mange elevar har pugga framgangsmåtar for å løyse likningar, men at dei ikkje skjønar eller tenker over matematikken bak det dei gjer. Dei som forstår, kan truleg lettare lausrive seg frå faste prosedyrar og nytte kreativitet i matematikkfaget.