Stø kurs! Nye perspektiv!
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/27870Date
2022-03-23Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Peer reviewed
Author
Tjelmeland, HallvardAbstract
Eg takkar redaksjonen av Arbeiderhistorie for høvet til å reflektera rundt årboka og perspektiv på framtida. Eg følgde forløparen Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie (TFAH) frå første nummer og første årgang i 1976. Tidsskriftet var svært viktig for oss studentar som var interessert i arbeidarrørslas historie, anten vi studerte historie eller ikkje. I dei politiserte faglege debattane som gjaldt den gongen, vart historia aktivisert i diskusjonane om vegval på venstresida og arbeidarrørsla allment. Men det er klart at viktigast vart TFAH for oss som satsa på historie som fag og valte tema frå arbeidarhistorie. Det var kombinasjonen av ny kunnskap om arbeidarrørslas historie og diskusjonar om teoretiske og metodiske tilnærmingar som ga oss historiestudentar på venstresida tryggare grunn under føtene.
Publisher
UniversitetsforlagetCitation
Tjelmeland. Stø kurs! Nye perspektiv!. Arbeiderhistorie. 2022;36(1):202-204Metadata
Show full item record
Copyright 2022 The Author(s)