Abstract
Hovuddelen av avhandlinga er ein biografi om salmediktaren, teologen, lingvisten og politikaren Elias Blix (1836-1902). Biografien granskar samspelet mellom nokre av dei viktigaste sosiale, politiske og kulturelle endringsprosessane som forma det moderne norske samfunnet i siste halvdel av 1800-talet, slik dette kjem til uttrykk i ei individuell livsforteljing. Eit etterskrift gir eit oversyn over forskingssituasjonen, diskuterer kjeldegrunnlaget for boka, drøftar grunnlagsproblem knytta til den historiske biografien og presenterer dei sentrale problemstillingane og teoriane boka byggjer på.
Description
Hovuddelen av avhandlinga er publisert som bok og er ikkje tilgjengeleg i Munin: Anders Aschim: "Ein betre vår ein gong : Elias Blix : biografi" (Oslo: Samlaget, 2008); ISBN 978-82-521-6429-9