Pilot arealstrategi. Utvikling og evaluering av arealstrategiarbeid i åtte distriktskommunar. Sluttrapport.
Author
Hagen, Aksel; Aarsæther, Nils Johan; Brattland, Camilla; Bråtå, Hans Olav; Buanes, Arild; Ringholm, Toril Merete; Jensen, Vilde Andrea; Johansen, GisleAbstract
Dei 8 kommunane er Namsskogan, Leka og Holtålen i Trøndelag, Lødingen, Grane og Hamarøy i Nordland, og Nordkapp og Karasjok i Troms og Finnmark. Forskargruppa har også henta inn erfaringar og vurderingar om arealstrategiarbeid frå fylkeskommunar, statsforvaltarar og Distriktssenteret.
Rapporten skal kome i møte forventningane som KMD (no KDD Kommunal og distriktsdepartementet) har formulert i oppdragsavtalen av 15. februar 2021 om eit forskings- og utredningsoppdrag utført av HINN Høgskolen i Innlandet i samarbeid med UiT Norges Arktiske Universitet: «Oppdrag som prosessleder og ansvarlig for det faglige innholdet i, og praktisk utforming og evaluering av, pilot i bruk av arealstrategi for å forenkle KPA (kommuneplanens arealdel) i små kommuner med store LNFR-områder.»
Prosjektet omfattar eit kartleggings- og evalueringsarbeid, men også samarbeid om prosessleiing i kommunane. Eit siktemål har vore å teste ut om arealstrategien bidrar til å forenkle planarbeidet i små kommunar med store landbruk-, natur-, fritids- og reindriftsareal (LNFR)-områder.
Rapporten inneheld både ei oppsummert (kap. 3 og 4) og ei kommunevis (kap. 8) rapportering når det gjeld nytten og utfordringar ved bruk av arealstrategi. Det er framskaffa data om prosessar fram mot vedtatt samfunnsdel (KPS) med arealstrategi (ARS). I kap. 5 er rettleiings- og opplæringsbehov omtalt og vurdert. Kap. 6 inneheld drøftingar og konklusjonar.
I kap. 7 kjem forskargruppa med sju tilrådingar til det å utvikle arealstrategi
Publisher
Høgskolen i Innlandet, ElverumSeries
Oppdragsrapport; 15/2023Commissioned report;15/2023