Strålebehandling i utviklingsland
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/4662Date
2012-08-01Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Spanne, OddvarAbstract
Kreft er i dag ein av dei viktigaste årsakene til at folk døyr berre slått av hjarte og karsjukdomar. Sjølv i strok av verda der infeksjonssjukdomar endå er dominerande er kreft ein viktig årsak til dødelegheit. På verdsbasis tek kreft livet av meir folk enn HIV/AIDS, malaria og tuberkulose til saman. Strålebehandling er ein viktig del av all kreftbehandling og skulle difor ideelt sett vera tilgjengeleg for alle. Slik er det ikkje. Berre i den industrialiserte vestlege verden er det rimeleg tilgang på høgenergetisk ekstern stråleterapi. Elles i verda er tilgangen svært varierande og store deler av verdas befolkning har ingen tilgang på strålebehandling i det heile tatt.
Eg viser i denne oppgåva at det er slik og prøver å forklara kvifor. Vidare kjem eg med eit forslag på kva som må til for å løysa problemet og viser at det ikkje først og framt er økonomiske grunnar til at det er vanskeleg. Det må finnast andre årsaker. Min påstand er at det skuldast fordeling av godar, dårleg leiarskap og manglande politisk vilje og evne.
Publisher
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2012 The Author(s)
The following license file are associated with this item: